Flyttar til Kyrkjebø

Fredag signerte SafeClean ein inntil 15-årig avtale med Siva om leige av industribygget på Tronvik ved Kyrkjebø.

FIRDA: "Dette er ei stor hending for SafeClean, og eit viktig strategisk grep med tanke på dei ambisjonar vi har for vekst og utvikling av selskapet, seier Kjetil Hansen som er dagleg leiar i SafeClean AS".

"Verksemda som i dag held til i Hjetland industripark i Høyanger, signerte fredag ein inntil 15-årig leigeavtale med det statlege føretaket Selskapet for industrivekst SF (Siva). Høyanger-verksemda har spesialisert seg på å fjerne belegg som skaper drifts- og miljøproblem i utstyr i offshorenæringa og landbasert prosessindustri. Hansen seier dei i mange år har vurdert å flytte til det tomme industribygget ved Kyrkjebø, men at det av ymse grunnar ikkje har late seg gjere. Når vi no er på føtene att etter nokre tunge år grunna krisa i offshorenæringa, har vi nådd eit mettingspunkt der vi held til i dag. Det gjeld både behovet for meir areal, samt omsynet til indre og ytre HMS (helse, miljø og sikkerheit journ. mrk.), fortel Hansen".

"Vi kjem til å investere fleire millionar kroner i topp moderne teknologi i samband med at vi flyttar til Kyrkjebø. Når vi etterplanen er i full drift i våre nye lokale innan 1. august 2019, reknar vi med å måtte tilsetje fleire medarbeidarar"

Les mer i reportasjen til Firda her.

Published: 14.11.18

Share this on

Contact:

Kjetil Hansen
CEO +47 90 58 59 13